MC ulukke i Rysjedalsvika

Publisert 16.08.2019 kl. 13.09.

Klokka 12.34 vart det meldt om ei trafikkulukke i nærleiken av ferjekaien på riksveg 57 ved Rysjedalsvika i Hyllestad. 


Vest politidistrikt opplyser at ein MC var aleine i ulukka. Hendingsforløpet er ukjent, politiet opplyser at føraren har smerter i ein fot. Trafikken går forbi ulukkesstaden og klokka 13.05 var naudetatar på veg. 


Klokka 13.29 skriv Vest politidistrikt på Twitter at luftambulansen truleg landar i Lavik for å henta pasienten. 


Han er ein utanlandsk borgar i 40-åra med ukjent id. 


 


Les meir om: Nyhende Notis Trafikk