MC sklei av vegen

Publisert 17.07.2019 kl. 12.18.

Vest politidistrikt melder onsdag føremiddag om at det har vore ei trafikkulukke ved Svartemyr på Høyanger sørside. 


Ein motorsykkel har sklidd og køyrt ut av vegen. Politiet opplyser på Twitter at føraren er oppegåande. Ambulanse og politi er på veg. Ulukka vart meldt kl 12.00.


 


Les meir om: Nyhende Notis Høyanger

Siste saker Gå til framsida