Manuell dirigering grunna tunnelvask på E16

Publisert 03.10.2019 kl. 06.55.

Denne veka blir tunnelane på E16 på strekningen Trengereid-Gudvangen vaska. Frå torsdag blir det ikkje lenger jobba på natta, men både torsdag og fredag vil det pågå arbeid frå klokka 06 til 21 på strekninga, melder Vegtrafikksentralen.


Det er manuell dirigering, og arbeidet forflyttar seg mellom tunnelane.


- Trafikken slepp gjennom så snart som råd, og det skal ikkje bli så lange periodar med venting, vert det opplyst frå Vegtrafikksentralen.


Les meir om: Nyhende Aurland Notis Trafikk