Manuell dirigering grunna løp

Publisert 31.05.2019 kl. 07.16.

Laurdag blir det innsnevring og manuell dirigering grunna Trappeløpet i Høyanger, melder Vegtrafikksentralen.


Det gjeld strekninga Høyanger-Kvernbergtunnelen på fylkesveg 55 frå klokka 09 til 16.


- Det vil ikkje vera stengt, men det kan bli slik at ein må venta litt. Det kan vera mykje mjuke trafikkantar i vegen, opplyser Idar Sangholt på Vegtrafikksentralen.


Årets trappeløp er det 24. i rekka. Store namn som Oddvar Brå, Knut Johannessen, Grete Waitz og Jon Tvedt har tidlegare kasta glans over løpet.


Løypa følgjer kabelbana som vart bygd i 1916 i samband med utbygging av Høyanger kraftverk. Løypa er 0,57 km lang og har ein høgdeforskjell på 311 meter fordelt på 1268 trappetrinn.


Les meir om: Nyhende Høyanger Trafikk

Siste saker Gå til framsida