Ein lastebil stod i brann utanfor Fodnestunnelen natt til laurdag. (Foto: Tipsar)

Mann send til sjukehus etter brann i lastebil

Publisert 23.03.2019 kl. 00.53. Oppdatert kl. 07.17.

Klokka 00.15 laurdag vart det meldt om brann i ein lastebil ved utgangen av Fodnestunnelen på rv. 5.


Tunnelen vart stengd, og naudetatane rykte ut. 


Klokka 00.43 var brannvesenet i full gang med sløkking. På Fodnes-sida av tunnelen vart det rapportert om ein del røyk på utsida og i tunnelopninga.


Lastebilsjåføren vart undersøkt av ambulansepersonell på staden. Ifølgje politiet er det ikkje meldt om personskader. 


Den 19 år gamle sjåføren vart til slutt teken med til sjukehuset i Førde for sjekk.


I 01.30-tida brann det framleis litt i lastebilen, som var lasta med stykkgods og fiskefor.


Ferja gjekk frå Lærdal til Mannheller så lenge tunnelen var stengd. Klokka 06.29 meldte Vegtrafikksentralen at tunnelen var opna att, og at ferjesambandet i løpet av morgonkvisten vil gå som normalt.


Les meir om: Nyhende Lærdal Politi Trafikk