Manglar veterinærar i Sogn: - Er svært uroa

Det er bruk for tre nye veterinærar ved nyttår i dei to vaktdistrikta i Sogn. To i Årdal, Lærdal og Aurland (ÅLA) og ein vikar i vaktdistriktet Luster, Sogndal og Leikanger.

Publisert 04.12.2019 kl. 15.50. Oppdatert kl. 19.31.

Det skriv Landbruksforvaltninga i Luster, Sogndal og Leikanger Årdal, Lærdal og Aurland i ei pressemelding.

- Kommunane har ansvar for å organisera ei klinisk veterinærvakt, og no treng me to nye veterinærar her på denne sida av fjorden, og ein på den andre sida, seier landbrukssjef for felles landbrukskontor i Årdal, Lærdal og Aurland, Magnhild Aspevik.

Begge distrikta er organisert som tredelt vakt, og i ÅLA er det no manko på to av tre veterinærar. I vaktdistriktet på nordsida vert det søkt etter ein vikar, men per i dag er berre ei av stillingane besett. Ein ny veterinær tek her til i veterinærvakta frå februar, heiter det i pressemeldinga.
 
- Veterinærdekninga i heile Sogn er pr dato veldig underbemanna i den næraste perioden. Det kan bli utfordringar for gardbrukarane, særleg i insemineringsperioden me no går inn i. Dette er ingen god situasjon, og kommunane er svært uroa over tilgangen på veterinærar til å delta i veterinærvakta som kommunane administrerer. Me søkjer no på nytt, etter veterinærar som ynskjer å delta i veterinærvakta, seier Aspevik.