MEiR FLEKSIBELT: Nye reglar har gjort det meir aktuelt å samkøyra EU-kontroll med intervallservice og eventuelt eigarskifte, og mange byrjar å oppdaga fordelene, viser ei ny verkstadmåling. (Foto: Colourbox)

Må lata bilen stå utan EU-kontroll

Mange er usikre på dei nye reglane for EU-kontroll, viser ei ny verkstadmåling. Berre i mai fekk nær 30.000 bilar bruksforbod fordi dei mangla godkjenning innan fristen.

Publisert 14.07.2019 kl. 19.30.

- Dei nye reglane har gjeve bileigarane auka valfridom når det gjeld tidspunkt for å få utført EU-kontroll, men det er svært viktig å halda den fristen som er sett, seier Arild Hansen, dagleg leiar i Autobransjens Leverandørforening (ABL) i ei pressemelding.

Foreininga organiserer eit stort tal frittståande verkstader og verkstadkjeder, der EU-kontroll inngår i servicetilbodet.

Endringene vart innført i februar, og inneber at bileigarane kan ta kontrollen når dei vil, so lenge køyretøyet blir godkjent innan fristen. Uten slik godkjenning kan køyretøyet bli avskilta om ein støyter på Vegvesenet, politiet eller tolletaten.


Bruksforbod

- I 2018 blei mellom 20.000 og 22.000 køyretøy ilagt bruksforbod kvar månad grunna manglande godkjend kontroll innan fristen. I mai 2019 blei det ilagt 29.409 slike bruksforbod, seier Leif Magne Halvorsen, senioringeniør i Vegdirektoratet, seksjon tilsyn og kontroll.

Gjennom dei nye reglane er også krava til dei som utfører EU-kontrollen skjerpa, slik at dei no omfattar reglar om opplæring og personleg godkjenning for dei som utfører kontrollen, og ikkje berre sjølve verkstaden.

- Her gjeld ei overgangsordning frem til oktober 2021, som gir verkstadane tid til å sørgja for at kontrollørar og tekniske leiarar som er registrert på overgangsordning oppfyller krava. So langt har om lag 1.500 kontrollørar fått personleg godkjenning av dei totalt 11.927 som er omfatta av registeret, seier Halvorsen.


Uendra intervallar

No har verkstadkjeda Meca laga ei rundspørjing blant medlemsverkstadane om korleis forbrukarane forheld seg til dei nye EU-reglene.

- Ni av ti verkstader melder at bileigarane tydeligvis har høyrt om dei, men berre 16 prosent har inntrykk av at dei også forstår kva dei inneber. Denne delen vil nok raskt auka, seier John-Axel Granberg, kjedesjef i Meca.

Intervallane for konrollen er uendra. Personbilar skal stort sett inn første gong etter to år, og deretter annakvart år, medan køyretøy over 7.500 kilo skal inn kvart år. Vegvesenet kjem til å senda eit påminningsbrev to månader før den endelege fristen.


Les meir om: Nyhende Bil og motor

Siste saker Gå til framsida