LAGDANS: Lystringen gjekk også dette året av med sigeren i lagdans med dansen reinlendar. (Foto: Privat)

Lystringen til topps for fjerde gong

Nøgde med gode prestasjonar på Landsfestivalen.

Publisert 14.08.2018 kl. 09.20. Oppdatert kl. 09.40.

Landsfestivalen i gammaldansmusikk 1.-5. august i Sjåk er over og utøvarar frå Luster kan sjå attende på ein triveleg festival med mykje dans og moro og gode resultat i tevlingane.


Lystringen gjekk også dette året av med sigeren i lagdans med dansen reinlendar.


- Det er ein solid prestasjon som er verd å leggja merke til, seier Oddbjørg Ese i ei pressemelding.


- Jostedal spel og dansarlag hausta mykje godord for sitt spel og fekk ei bra plassering som nummer 10 av 18 lag. Dansegjengen i Jostedal spel- og dansarlag deltok i lagdans, og fekk 5.-plass med dansen hamborger, også det eit godt resultat, seier Ese.


Ho opplyser at på spelsida gjorde Hafslobelgen det godt og kom til finalen. Det same gjorde gruppa Tyst som gjekk til finalen i gruppespel.


Gruppa Ein haile, halve maone som består av unge utøvarar frå Sogn, hausta mykje godord for sitt spel, kjem det fram av pressemeldinga.

TIANDEPLASS: Jostedal spel og dansarlag vart nummer 10 av 18 lag. (Foto: Privat)

Men gruppa kom ikkje vidare denne gongen.


Det var òg nokre individuelle utøvarar som deltok. Mathilde Skjeret deltok i hardingfele, Ida Kristine Sagerøy deltok på trekkspel, Baste Antun deltok i toradar, og i pardans senior deltok Anne Lovise Drevdal og Tormod Øvrebø.


Fleire av utøvarane gjekk til festivalen frå Styggevasshytta i Jostedalen til Mysubytta i Sjåk.


Les meir om: Kultur Nyhende Luster Musikk