FRÅ 2020: - Me arbeider hardt for å få så gode løysingar som råd for innbyggjarane våre, og håper å ha nye avtalar på plass frå 1. januar 2020, seier avdelingssjef for Pasientreiser i Helse Førde, Vidar Øvrebø. (Foto: Helse Førde)

Lyser ut anbod på pasientreiser i mange av kommunane i fylket

I oktober legg Helse Førde ut sitt største anbod på pasientreiser nokon gong i Sogn og Fjordane.

Publisert 03.10.2019 kl. 13.43.

- Årsaka til at dette kjem no er tredelt. Det har å gjera med dei føreståande kommunesamanslåingane, avtalar som er i ferd med å gå ut og at me manglar avtalar i nokre kommunar, opplyser avdelingssjef for Pasientreiser i Helse Førde, Vidar Øvrebø.


Samanslåing

Sogn og Fjordane får fire nye kommunar. Stad kommune vil omfatta Eid og Selje samt bygdelaga Bryggja og Totland i noverande Vågsøy. Flora og Vågsøy utgjer Kinn kommune. Sunnfjord kommune blir sett saman av Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Og i Indre Sogn går Balestrand, Leikanger og Sogndal saman i Sogndal kommune.


- Avtalane me har i desse områda må endrast fordi dei eksisterande avtalane er baserte på kommunegrenser som no forsvinn, seier Øvrebø.


I tillegg vil anbodet omfatte Solund, Lærdal, Årdal og Høyanger fordi eksisterande avtaleperiode går ut. I tillegg manglar det avtalar om pasientreiser i Fjaler, Hyllestad og Aurland. Det same gjeld også Jølster og Naustdal, men desse to kommunane inngår i nye Sunnfjord kommune, melder Helse Førde.


- Dette kjem til å gje store endringar i heile fylket. Me arbeider hardt for å få så gode løysingar som råd for innbyggjarane våre, og håper å ha nye avtalar på plass frå 1. januar 2020. Det er likevel grunn til å understreka at Pasientreiser ikkje har plikt til å få på plass avtaler. Me kan ikkje garantera tilbod om kommunal køyring i alle område, om me ikkje får tilbod me kan godkjenna. 


- Beklageleg

Det er ulike årsaker til at det no er fleire kommunar utan avtalar. I nokre tilfelle har transportørar sagt opp avtalane med Pasientreiser, og i ein kommune gjekk drosjeeigaren konkurs.


- Det er beklageleg at me ikkje har avtalar som omfattar heile fylket, men dette håper me å få retta på gjennom anbodsutlysinga, seier Øvrebø.


Pasientane har etter pasientreiseforskrifta rett til å få dekka reise til og frå behandlar etter standardsats. Det må betalast eigendel dersom pasienten ikkje har frikort. Hovudregelen er at pasienten organiserer og gjennomfører reisa til og frå behandling på eiga hand, for så å søkja refusjon i etterkant.


Pasientar som av helsemessige årsaker ikkje er i stand til å nytta rutegåande transport eller privatbil for reiser ut av eigen kommune, kan få rekvisisjon for tilrettelagt transport frå sin behandlar. Pasientreiser vil då bestilla transport med transportør Helse Førde har avtale med, opplyser Helse Førde.


- Når det gjeld turar utover kommunegrensene, ordnar Pasientreiser dette med å bruka andre transportørar frå nærliggande område. Me vil ta imot tingingar på interkommunale reiser til spesialisthelsetenesta som før. På slike turar skal ikkje pasientane merke noko skilnad.


Les meir om: Nyhende Helse