Lyser Losjehustomta ut for sal

Publisert 14.07.2019 kl. 13.09.

Kommunestyret i Lærdal har vedteke oppstart av reguleringsplanprosess for å vurdere endring av reguleringsplanen i område der Losjehuset og Ungdomshuset på Lærdalsøyri ligg.


«Det er gjort vedtak om at administrasjonen i kommunen skal lysa ut «Losjehustomta» for sal til bustadføremål. For å gjennomføra dette, er det naudsynt med reguleringsendring, då gjeldande planverk har omsynssone for vern og inneheld forbod om bygging på tomta.  Føremålet med planarbeidet er å vurdera området som er regulert til omsynssone for vern, vurdere endra føresegner for Losjehustomta og vurdere framtidig utbygging av tomta», skriv kommunen på heimesida.


Les meir om: Nyhende Notis Lærdal

Siste saker Gå til framsida