Bilen er totalvrak etter ulukka. (Foto: Politiet)

Lærdalstunnellen stengd i fire timar etter alvorleg ulukke

Ein bil køyrde i fjellveggen seks kilometer inne i Lærdalstunnelen i natt.

Publisert 10.07.2019 kl. 07.26. Oppdatert kl. 14.42.

Klokka 01.30 i natt melde politiet på twitter at ein bil hadde køyrt i fjellveggen i Lærdalstunnelen. Bilføraren var då under behandling på Lærdal sjukehus.

Lærdalstunnelen var stengd i fire timar i natt.

 Ulukka skjedde ca seks km inne i tunnelen frå Lærdal. Det var berre denne bilen som var involvert i ulukka. Bilen er totalvrak. Politiet har avhøyrt vitne og trur stor fart er årsak til ulukka.


Bilføraren vart først frakta til sjukehuset i Lærdal og flogen vidare til sentralsjukehuset i Førde med luftambulanse. Det er ikkje kjent kor alvorleg skadd bilføraren er.


- Patruljen har i dag i hovudsak arbeidd med å oppretta sak, og leggja inn informasjon frå avhøyr og undersøkingar, seier politioverbetjent Christian Algerøy-Vegheim onsdag ettermiddag.


Etter det politiet har fått informasjon om er tilstanden til bilføraren slik at han kjem til å overleva.


Tunnelen var stengd i fire timar etter ulukka.


Les meir om: Nyhende Lærdal Trafikk