Lothe leiar Vestland SV

Publisert 11.02.2019 kl. 07.03.
I helga vart Vestland SV skipa, eit nytt fylkeslag beståande av dei to fylkeslaga Hordaland SV og Sogn og Fjordane SV. 
 
På skipingsmøtet vart Hege Lothe, frå Gloppen, samrøystes vald til det nye lagets fyrste leiar, opplyser fylkeslaget i ei pressemelding. Med seg i leiarskapen har ho Gina Barstad, frå Bergen, som politisk nestleiar, og Akthar Chaudhry, frå Stord, som organisatorisk nestleiar.

Hege Lothe (46) er kommunestyrerepresentant i Gloppen for SV og er i dag direktevald landsstyrerepresentant. Ho er tidlegare fylkesleiar i Sogn og Fjordane SV frå 2011-2014. Ho bur på Sandane og er tilsett som informasjons- og organisasjonskonsulent i Noregs Mållag.


Les meir om: Nyhende Notis Politikk

Siste saker Gå til framsida