TIL KVAMMEGÅRDEN: Trine Rein og bandet hennar held konsert i Kvammegården fredag. (Foto: Odd Inge Teige.)

Lokkar med Trine Rein og nær hundre salsboder

Mellom 90 og 100 salsboder, konsert med Trine Rein med band, eit tettpakka marknadsprogram og lovande vêrmeldingar gjer at alt ligg til rette for ei finfin marknadshelg.

Publisert 14.06.2019 kl. 15.01.

- I det heile tykkjer me at me har fått til eit svært bra marknadsprogram med ein god miks av «faste» og nye innslag, seier leiar i marknadsnemndi, Astrid Trulssen.


Den store satsinga når det gjeld kulturelle innslag er konserten med Trine Rein og band i Kvammegården fredag kveld. Når vêrmeldingane to dagar før det brakar laus også «lovar» kring 20 grader og lettskya fredag ettermiddag og kveld bør utgangspunktet for konserten vera det beste, skriv arrangørane i ei pressemelding.


Variert program

Årets tema er «Kulturmøteplassen», noko som langt på veg oppsummerer Lærdalsmarkanden i eitt ord.


- Bodhandel i seg sjølv er kultur med stor K. Når me då i tillegg har eit variert program med altså alt frå moderne popmusikk via innslag frå Kulturskulen til meir tradisjonelle innslag som Speletreffen og Seniordansen, tenkjer me at me kan kalla oss Kulturmøteplass med rette, seier Trulssen


Det blir også marknadsgudsteneste i Kvammegården og aktivitetsdag for borna i ferie- og fritidsparken.


Folkemusikk

Det blir ein sekstett av kjende folkemusikarar som skal spela folkemusikk i Kvammegården søndag, slik det vart gjort på Lærdalsmarknaden i «gamle dagar». Dei seks musikarane er: Håkon Høgemo (hardingfele), Kjell Tore Innervik (slåttetromme), Liv Ulvik (song), Gudmund Bolstad Skjær (gitar), Judith Vestreim (song) og Tom Karlsrud (trekkspel). 


 


 


Les meir om: Nyhende Lærdal