MYKJE FOLK: Arrangørane av Sognahelg håper på mykje folk i sentrum i samband med arrangementet. Her frå Frivilligdagen for eit par år sidan. (Arkivfoto)

Lokkar folk til sentrum med prisutdeling og mosjonsløp

Utdeling av frivilligprisen, mosjonsløpet Smili, bilutstilling og kamp mellom Sogndal og Sandefjord er noko av det ein kan oppleva under Sognahelg 13. til 15. september.

Publisert 12.09.2019 kl. 10.00. Oppdatert kl. 10.53.

Styret i Sogndal Frivilligsentral opplyser på Facebook at dei no har lagt siste finpussen på Sognahelg i Sogndal. Ein viktig del av helga, som blir fullspekka med aktivitetar og innhold, er Frivilligdagen laurdag.


Fjerde gongen

Det er fjerde gongen denne dagen blir arrangert i Sogndal, og også fjerde gongen Frivilligprisen blir delt ut.


- I år er det ein vinnar som me er spesielt begeistra for, seier Vibeke Johnsen.


Ho er kommunen sin representant i styret for frivilligsentralen og meiner dagen er ein fin måte til å bli kjent med kva som rører seg i Sogn.


Tidlegare vinnarar av prisen har vore Røde Kors omsorg, Vegards krefttråkk og Hildur Marie Seim.


I sentrumsparken blir det mykje aktivitet denne laurdagen, og arrangørane opplyser at dei har fått godt med påmelding frå folk som vil stilla med stand, mellom anna produsentar frå Reko-ringen. 


Mosjonsløp

Sogndal idrettslag er spente på om dei slår forårets deltakartal på mosjonsløpet Smili.


- Det ryktast at i konkurranseklassen er det europaklasse-løparar som kjem. I mosjonsklassen ryktast det at fleire vin-, sy- og matklubbar stiller på startstreken, vert det opplyst frå idrettslaget.


Helga byr også på fleire konsertar. På Meieriet spelar Highasakite og på Dampskipskaien Tom Roger Aadland. Det vert også dans med DJ på Quality Sogndal Hotel og musikk frå ulike artistar under arrangementet i sentrumsparken.


I parken vert det også barneløype, klatring og ansiktsmaling. Det vil også bli ein stor bilutstillig i sentrum.


Les meir om: Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida