Lokalt auka skredfare

Publisert 11.02.2019 kl. 10.30. Oppdatert kl. 07.03.

Varsom.no melder framleis om betydeleg snøskredfare i Indre Sogn.


Inntil 15 mm nedbør, mest rundt Jostedalsbreen, og opp mot stiv kuling, vil lokalt føra til auka skredfare måndag. Både fjernutløyste og naturutløyste skred er mogleg. Også tysdag vert det meldt at det vil vera betydeleg skredfare.


I helga har det gått mange våte laussnøskred i terreng under ca. 1.000 moh som følgje av mildvêr laurdag. Kaldere vêr på søndag gjorde at slik skredaktivitet avtok raskt. Høgare oppe vart det derimot observert tørre flakskred, mellom anna på 1.100 moh litt nordvest for Fivlenosi (1468 moh) i Luster, blir det opplyst.


Les meir om: Nyhende Fjellsport Notis