TIL BERLIN: Olav Arnar Bø og Vikja AS er ei av tre verksemder frå Indre Sogn som er på plass under Grüne Woche i Berlin i slutten av januar. (Arkivfoto)

Lokale produkt skal profilera Sogn på Grüne Woche

Noregs eldste hotell og lokalt produserte økologiske kvalitetsprodukt skal profilera Indre Sogn på verdas største matmesse.

Publisert 12.10.2019 kl. 20.01. Oppdatert kl. 20.12.

Det vil bogna av lokale mat- og reiselivsprodukt på Internationale Grüne Woche i Berlin i januar 2020. Indre Sogn vert godt representert på messa, med Walaker hotell, Vikja AS og Amble Gard.


Nettverk

«På Fjord-Norge sin stand vert det bygd gode, nyttige nettverk, og lokale kvalitetsprodukt frå verdas beste reisemål vert presentert», skriv Fylkesmannen i ei pressemelding.


Walaker hotell vart etablert i 1640. I dag er det 9. og 10. generasjon Nitter Walaker som driv hotellet. Hotellet har svært godt omdøme og arbeider kvar dag for å vera mellom dei beste hotella i Noreg på mat og totaloppleving. Kultur, matfilosofi og historie står sentralt. Hotellet har medlemsskap i De historiske og Norsk kulturarv.


Økologisk

Amble Gård i Kaupanger ligg på gamal historisk grunn og driv økologisk landbruk.


«Garden produserer økologiske eple, eplemost og høy. I tillegg driv Amble Gård turisme gjennom utleige av hus, og har ein liten campingplass», skriv Fylkesmannen.


Vikja AS produserer kortreist økologisk kjøt frå gardar ved Sognefjorden.


«Gardar i Vik har gått saman og etablert eige slakteri og foredlingsverksemd. Slik slepp dyra lang transport. Verksemda tek seg vidare av mørning, nedskjering og produksjon.


Mat i reiselivsprodukta er stadig meir ettertrakta. På messa vil dyktige kokkar, mellom anna frå Walaker hotell, saman med produsentane, servera smaksprøvar, byggja nettverk og synleggjera mangfaldet i lokale kvalitetsprodukt.


20 utvalde

20 utvalde mat- og reiselivsbedrifter frå Fjord Norge-regionen reiser til verdas største matmesse, Internationale Grüne Woche i Berlin, i januar. Fem av desse er frå Sogn og Fjordane.


«12. september møtte bedriftene kvarandre, kokkar og arrangørar på smaksverkstad. Her vart lokale produkt kopla saman. Her vart vakre og velsmakande rettar trylla fram frå mangfaldet fjordregionen vår har å by på. I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat og matopplevingar i verdsklasse. Mange lokalprodusentar samarbeider med reiselivsverksemder, og siderproduksjon har ein eventyrleg vekst. Landbruksnæringa utgjer ein viktig del av utviklinga av eit ekte og berekraftig reiseliv. Bedriftssamarbeid er ein føresetnad for å få dette til», skriv Fylkesmannen.


Les meir om: Nyhende Reiseliv Mat

Siste saker Gå til framsida