TRYGGE LØYSINGAR: Gunnhild Bøyum, leiar og kandidat for Sogndal Høgre, Margrete Haug frå Sogndal TRYGGE LØYSINGAR: KrF, Trude Risnes, ordførarkandidat for Sogndal Venstre og Rita Navarsete, toppkandidat for Sogndal Frp, vil ha føreseielege og trygge samferdsleløysingar i og ut av regionen. (Foto: Rune Timberlid)

Lokale politikarar gler seg over midlar til vegen over Hemsedalsfjellet

Regjeringa løyver vidare planleggingsmidlar for å utbetra riksveg 52 over Hemsedalsfjellet

Publisert 05.09.2019 kl. 13.21.

- Dette er eit tydeleg signal om at riksveg 52 blir prioritert og skal vidareutviklast som hovudveg for næringstransport aust-vest. Me står samla i dette kravet, og er svært nøgde med gjennomslag, heiter det i ein uttale frå  Gunnhild Bøyum, leiar og kandidat for Sogndal Høgre, Trude Risnes, ordførarkandidat for Sogndal Venstre, Rita Navarsete, toppkandidat for Sogndal FRP og Margrete Haug frå Sogndal KRF.


Dei peiker på at med løyvinga for 2020 blir det vidare planlegging og utbetring av delstrekningar, som styrkar tryggleiken og fører til at trafikken kjem lettare fram, ikkje minst på vinterstid.


- Me må ha føreseielege og trygge samferdsleløysingar i og ut av regionen. Her er riksveg 52 svært viktig, seier dei fire lokalpolitikarane.


Løyvinga for 2020 vil gå til førebuing og eventuelt anleggsstart for delstrekninga over Hemsedalsfjellet. Arbeidet omfattar mellom anna kantforsterking, skråningsstabilisering og dreneringstiltak. På høgfjellet vil det også bli gjort tiltak for å betra tilhøva og regulariteten på vinteren, mellom anna med ledelys og og fresegate, går det fram av ei pressemelding.


- Budsjettet kjem til Stortinget i oktober, då får me alle detaljane. Me veit at det er sett av minst 60 millionar kroner til dei nye tiltaka, i tillegg til at det ligg midlar til igangsette tiltak.


Les meir om: Nyhende Lærdal