KOLLISJON: Nyleg gjennomførte NAF ein demonstrasjon av kva som skjer når eit vogntog mister kontroll på hengaren og treff ein personbil i 60 kilometer i timen. - Konsekvensane kan bli store, og det er lite du som sjåfør kan gjera sjølv for å unngå det, seier Camilla Ryste, kommunikasjonssjef i NAF. (Foto: NAF)

Liten tillit til vogntog på norske vintervegar: - Folk køyrer med hjarta i halsen

Farlege vogntog svekkjer tryggleikskjensla til folk på vintervegane. Det kjem fram i ei ny undersøking frå NAF.

Publisert 19.02.2019 kl. 15.34.

- Folk køyrer med hjarta i halsen i møte med vogntoga, seier Camilla Ryste, kommunikasjonssjef i NAF.


72 prosent har vore bekymra for tilstanden til vogntog som ferdast på norske vintervegar. Det viser ei fersk undersøking utført av InFact for NAF.


- Reell bekymring

62 prosent svarer at dei har svært liten eller liten tillit til at vogntog som køyrer på norske vintervegar er godt nok utstyrte for norske vinterforhold. Berre 9 prosent har tillit til at vogntoga er rusta for vinterføre.


- Dette stadfestar det me ser og høyrer dagleg frå norske vintervegar. Vogntoga er ei reell bekymring som skaper utryggleik. Mange køyrer med hjarta i halsen og bekymrar seg for at det skal skje ulukker, seier Ryste.


Det er særleg i Nord- og Midt-Norge folk rapporterer om høg grad av bekymring for vogntoga, men bekymringa er utbreidd også i resten av landet, går det fram av ei pressemelding.


Tett på

Heile 45 prosent svarer at dei sjølve har sett vogntog i vinter som står fast eller har køyrt av vegen.


- Det viser at dette ikkje er ei teoretisk problemstilling eller noko folk berre les om i media. Vogntog som ikkje taklar norsk vinterføre, er noko folk ser og opplever på vegane, seier Ryste.


- Skjerp krava

NAF krev strengare krav til vogntoga og fleire kontroller for å luka ut køyretøya som ikkje er skodde for norske vintervegar. I tillegg må dei som kjøper transporttenester, ta et ansvar for trafikktryggleiken.


- Det har blitt fleire kontroller, men langt sterkare lut må til når problema framleis er så omfattande. Politikarane må raskt sørgja for skjerpande krav og tettare oppfølging, seier Ryste.


Les meir om: Nyhende Trafikk