LEITEAKSJON: Fem person har gått seg vekk på Nosafjellet ovanfor Fortun. Politiet melde rett før klokka 17 at dei befinn seg i terrenget rundt Nausanosi. (Kart: Norgeskart)

Leiteaksjon i Luster

Eit turfølgje på fem menn i alderen 25 til 32 år måtte ha hjelp for å koma seg ned.

Publisert 09.02.2019 kl. 17.08. Oppdatert kl. 18.19.

Politiet melder like før klokka 17 laurdag at personane har gått seg bort på Nosafjellet ovanfor Fortun i Luster. 


Dei oppheld seg i terrenget rundt Nausanosi. 


Representantar frå Røde Kors, politi og redningshelikopter frå Florø er sende til staden. 


Ingen av dei fem er meldt skadde. 


Ikkje dramatikk

Operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt seier klokka 17.45 laurdag at gruppa ikkje er lokaliserte, men at politiet har vore i kontakt med dei.


- Det er ikkje noko dramatikk, dei er ved godt mot. Men dei var på dagstur og har ikkje utstyr med seg til å overnatta ute, seier Kolltveit.


Like før klokka 18 melder poliitiet at helikopteret tek med seg tre av personane frå toppen av ei taubane. Dei to andre har kome seg ned ved med eiga hjelp.  


Les meir om: Nyhende Luster Politi

Siste saker Gå til framsida