Leiarskifte i Sunnfjord Energi

Publisert 08.09.2019 kl. 16.56.

Fredrik Behrens går etter eige ønskje av som administrerande direktør i Sunnfjord Energi med verknad frå 6. september.


Nettsjef Arild Fleten er konstituert i stillinga fram til nyttår.


Frå september vert Sunnfjord Energi fusjonert med BKK. Det medfører også at deler av oppgåvene til administerande direktør fell bort. Behrens vil halda fram i arbeid til han går av for aldersgrensa på 70  år om litt under to år.


- Eg har hatt elleve flotte år som leiar i Sunnfjord Energi og er stolt over det vi har fått til saman. Me har ein svært kompetent arbeidsstokk, og eg meiner dette er det rette tidspunktet for å gi stafettpinnen vidare, seier Fredrik Behrens.


Les meir om: Nyhende Notis Næringsliv