LEGG VEKK SAKA: Statsadvokaten legg vekk saka etter rullestolulukka ved sentralsjukehuset i Førde. (Arkivfoto)

Legg vekk saka etter rullestolulukka

Statsadvokaten legg vekk saka etter rullestolulukka ved sentralsjukehuset i Førde.

Publisert 12.02.2019 kl. 08.28.

Det skriv NRK.


Fylkesmannen meinte Helse Førde brut lova, men statsadvokaten legg no vekk saka.


Det var i januar i fjor ein pasient døydde etter at han trilla utfor ei trapp med rullstol inne på Førde sentralsjukehus.


- Etter ei samla vurdering finst det ikkje allmenne omsyn som krev ei offentleg påtale, seier statsadvokat Jan-Inge Wensell Raanes.


- Det er ikkje strafferettslege bevis for at det er gjort feil som er så store eller graverande at det er behov for å gå vidare med ei straffesak.


Statsadvokaten har sett på om det ligg skuld hjå enkeltpersonar ved sjukehuset og om sjukehuset som føretak kan lastast. Konklusjonen er at ingen kan skuldast.                   


Fugerande fagdirektør i Helse Førde, Rune Larsen seier dette er ei tragisk sak for alle partar, men merkar seg at statsadvokaten har følgd råda til Statens Helsetilsyn.


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida