UT PÅ TUR: Tor André Ljosland og fylkesordførarkandidat for KrF, Trude Brosvik, gjer alle kommunane i Vestland på 144 timar i valkampen. (Foto: Ole Stian Jørgensen)

Legg ut på turne i det nye storfylket - besøkjar 43 kommunar på seks dagar

KrF får køyrt seg på vestlandsturne.

Publisert 13.08.2019 kl. 09.55.

På seks dagar, eller 144 timar, skal fylkesordførarkandidat Trude Brosvik og andrekandidat Tor André Ljosland, innom 43 kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane.


- No går Arendalsveka av stabelen. Me i Vestland KrF vil heller bruka denne veka til å reisa rundt i vårt eige, nye fylke, skriv dei i ei pressemelding.


Folk og bedrifter

Turen byrja i Bergen måndag 12. august, før den endar same staden laurdag 17. august. Dei kjem til Sogn og Fjordane onsdag, torsdag og fredag.


- Me har ikkje råd til helikopter eller buss. Me har heller ikkje råd til eit Vestland utan ein desentralisert skulestruktur, fokus på rassikring og byggjing av Bybana. Me vil fortelja kva det betyr at KrF er med å styra. I alle dei 43 kommunane skal me snakka med folk, og besøkja lokale bedrifter og organisasjonar saman med lokale partikandidatar.


Les meir om: Nyhende Politikk