VART STOGGA: Politiet stogga bilen etter å ha fått melding. (Foto: Politiet)

Køyrde på E6 med pappøskjer festa med teip på taket

Publisert 15.04.2019 kl. 14.31.

Politiet stogga søndag ettermiddag ein personbil på E6 i Son etter at dei hadde fått melding om at bilen køyrde med usikra last.


- Det var tre pappøskjer på taket festa med vanleg teip, fortel Ronny Samuelsen på operasjonssentralen til Øst politidistrikt.


På Twitter opplyser politiet at øskjene var store og tildels tunge. Bilen skal i tillegg ha vore stua heilt full med bagasje.


Føraren, som politiet opplyser er ein mann i 40-åra med adresse i Sogn, fekk førarkortet beslaglagt på staden.


Les meir om: Nyhende Politi

Siste saker Gå til framsida