Køyrde i steinmur på sleipt føre

Publisert 10.01.2019 kl. 09.55.

Ein bil har fått skrens på sleipt føre og køyrt i ein steimur ved Bjørnabakktunnelen mellom Skei og Fjærland. Det er ikkje meldt om personskade, opplyser politiet like etter klokka 9 torsdag morgon.


Vêromslag gjer at det er null-føre fleire stader, men på Vegtrafikksentralen har dei så langt i dag ikkje fått meldingar om problem på vegane i midtre og indre Sogn.


- Dei meldingane me har fått, har vore om slapseføre i Nordfjord. Det er mogeleg entreprenørane har vore tidleg ute på vegane i Sogn, seier Ketil Molvær på Vegtrafikksentralen klokka 09.45.


Han opplyser at det er kvitt på ein del vegar.


- Der kan det vera litt bremseglatt, seier Molvær, som særleg oppmodar bilistane om å ta det litt med ro på sidevegane, der tilhøva kan vera annleis enn på hovudvegane.


- Me er no komne godt ut på vinteren, og folk er nok budde på at det kan vera glatt no, meiner han.


Les meir om: Nyhende Politi Trafikk