Køyde av vegen og hamna på taket ved Årøytunnelen

Publisert 11.09.2018 kl. 08.18. Oppdatert kl. 08.21.

Ein bil har køyrd av vegen på fylkesveg 55 ved Årøytunnelen, mellom Sogndal og Hafslo.


Politiet opplyser klokka 08.30 at føraren er køyrd til legevakta med smerter i nakken.


Ifølgje politiet er det manuell dirigering på staden, og bilbergar er på veg.


- Me har fått opplyst at bilen ligg på taket, fortel Oddbjørn Aune på Alarmsentralen til brannvesenet.


Politiet opplyser at det berre skal vera ein bil involvert i ulukka. Føraren kom seg ut av bilen. Ifølgje det Alarmsentralen har fått opplyst, var han åleine i bilen.


Ulukka skjedde kring 300 meter frå Årøytunnelen, på sogndalssida.


Naudetatane er sende til staden.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Trafikk

Siste saker Gå til framsida