HJELP FRÅ HELIKOPTER: Kvinna fekk helikopterhjelp for å koma seg ned. (Foto: Ørjan Talle)

Kvinne fast i fjellet - henta av helikopter

Har forstua ankelen. Fekk hjelp frå helikopter.

Publisert 18.04.2019 kl. 21.05. Oppdatert kl. 22.31.

Ei kvinne er skårfast ved Seljeskredfjellet i Leikanger, melder Hovedredningssentralen i Sør-Noreg like før klokka 21 torsdag kveld.


- Ho skal ha forstua ankelen og treng hjelp for å koma seg ned, seier redningsleiar Andreas Bull ved Hovedredningssentralen.


Redningshelikopter vart sendt frå Florø. 


Like etter klokka 21.30 var kvinna henta ned og aksjonen avslutta. Ho vil bli teken hand om av helsepersonell.


Les meir om: Nyhende Leikanger