TIL FRESVIK: Kvelertak kjem til Fres Festival i sommar. (Foto: Stian Andersen)

Kvelertak leverer avslutningsshowet på årets Fres

Torsdag vart det klart at bandet Kvelertak kjem til Fresvik i sommar.

Publisert 28.02.2019 kl. 12.16.

- Sjølvaste Kvelertak - landets ubestridt største hardrockband og Ryfylkets største eksportvare - tek turen til Fresvik i sommar, fortel Gunnar Husabø i leiinga for Fres Festival.


Spellemann

Sidan Kvelertak for alvor tok steget inn på den norske musikkscena i samband med sin andreplass i Urørtfinalen i 2010, har det stort sett gått jamt og trutt beint oppover. På samvittigheita har dei tre fullengdarar: Kvelertak (2010), Meir (2013) og Nattesferd (2016), og har i tillegg fått tre Spellemann-prisar: nykommar og rock (2010) og metal (2013), går det fram av ei pressemelding frå festivalen.


I tillegg til dette, har dei turnert, heile verda rundt med band som Mastodon, Ghost og ikkje minst Metallica, som dei i fjor brukte bortimot heile året på å turnera Europa rundt med.


Ny vokalist

I 2018 fekk Kvelertak ny vokalist, Ivar Nikolaisen, kjend frå mellom anna punkebandet The Good The Bad And The Zugly som også gjesta Fresvik i 2016. Med ny plate på veg, er Kvelertak no i gang med å spela eit knippe norske og europeiske festivalar, mellom dei altså Fres Festival.


- Me gler oss stort. Det er få, om nokon, norske band som i dag er større enn Kvelertak, spesielt innan rockesjangeren. Det er berre å gle seg til sommaren, seier Husabø.


Fres Festival 2019 går av stabelen 25. til 27. juli på Skau i Fresvik. Følgande artistar er så langt stadfesta til årets festival: Kvelertak, Team Me, Thea Hjelmeland, Pom Poko, Frøkedal, Amgala Temple, Amanda Tenfjord og Sista Bossen, sistnemnde frå Sverige.