FRÅ VIK TIL KAUPANGER: Kristine Hovland frå Vik har signert for Kaupanger. (Arkivfoto)

Kristine er klar for Kaupanger

Publisert 19.06.2019 kl. 10.10.

Andrine Olsen Endestad (Tambarskjelvar) og Kristine Hovland (Vik) har signert for Kaupanger.

Begge vil vera med i kampen onsdag mot Arna-Bjørnar i J19-NM, opplyser klubben.

Hovland spelar back/kant og er, ifølgje klubben, ein aggressiv spelar med ein fantastisk pasningsfot. Ho har avgjort mange av Vik sine kampar i år.

Endestad spelar spiss, og har i år har ho scora 31 mål for Tambar Fotball.






Siste saker Gå til framsida