MOGLEG SAMARBEID: - Dette handlar om å etablera eit bu- og omsorgstilbod til menneske med rus- og psykiske lidingar med behov for langvarige kommunale tenester, seier Alf Olsen jr., rådgjevar utvikling Lærdal kommune. (Arkivfoto)

Krevjande å gje godt nok tilbod - samarbeidar no om psykiatriprosjekt

Lærdal, Aurland, Gol og Hemsedal samarbeidar om å betre tilbodet til brukarar med rus- og psykiske lidingar.

Publisert 11.02.2019 kl. 11.35.

Kommunane vil styrke tilbodet gjennom samarbeid.


Kommunane Lærdal, Aurland, Gol og Hemsedal opplever det som krevjande å gje eit godt nok tilbod til brukarane med rus- og psykiske lidingar. Gjennom eit forprosjekt har dei greidd ut eit felles bu- og omsorgstilbod i samarbeid med spesialhelsetenesta.


Tilbodet skal vere for dei som har behov for langvarige kommunale tenester på grunn av rus- og psykiske lidingar.


Dette er brukarar innan tverrfagleg rusbehandling, brukarar med schizofrenidiagnosar som kan klara seg med tilsyn og andre som treng oppfølgjing 24 timar i døgnet. Desse gruppene er ei ressurskrevjande brukargruppe som kommunane og spesialhelsetenesta har eit felles ansvar for å behandla og følgja opp. Kommunane kjøper i dag private tenester til brukarar i den aktuelle brukargruppa.


Auke kvaliteten

Eit bu- og omsorgstilbod i interkommunal regi kan gje auka kvalitet gjennom heile behandlinga. Dette er i tillegg til redusert sjukefråvære hjå tilsette, lågare kostnader, og redusert bruk av tenester frå private leverandørar, er konklusjonen i forstudiet.


No er forprosjektrapporten klar. Den skal gje kommunane eit avgjerdsgrunnlag for å ta stilling til om dei skal forplikta seg til å etablera eit interkommunalt selskap som set prosjektet ut i livet.


- Fag, økonomi, eigedom og juss er hovudtema i forprosjektet, seier Alf Olsen jr., rådgjevar for utvikling i Lærdal kommune. 


 


Les meir om: Nyhende Aurland Lærdal

Siste saker Gå til framsida