MERKING: I Nærøyfjorden verneområde vart det oppdaga merking av turstiar, men det var ikkje søkt om løyve. (Foto: Anbjørg Nornes)

Krev at merking blir fjerna: - Utgangspunktet er at det er ulovleg å merka stiar i verneområdet

Ein sti frå Legdaskaret til utkikkspunktet Skomakernipa i Nærøyfjorden landskapsvernområde er blitt merkt i strid med reglane.

Publisert 21.10.2019 kl. 12.32.

Merkinga med raudmåling og vardar er ikkje søkt om, og er derfor i strid med reglane for verneområdet, skriv verneområdestyret i ei pressemelding.


Verneområdeforvaltarane oppdaga dette på ei synfaring i haust. Det dukka opp ein ny, godt merkt sti inne i verneområdet, utan at nokon har søkt.


- Utgangspunktet er at det er ulovleg å merka stiar i Nærøyfjorden landskapsvernområde, seier verneområdeforvaltar Anbjørg Nornes.


- Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til oppmerking og varding av nye fotturruter, men då er ein nøydd til å søkja først. 


- I god tru

Skomakarnipa er ifølgje pressemeldinga eit turmål som har blitt veldig populært den seinare tida etter at folk har delt bilete i sosiale media av den storslagne utsikta, men det har tidlegare ikkje gått nokon sti hit. Utkikkspunktet ligg i eit elles villmarksprega område der det er beiteområde for villrein om vinteren, og der det i utgangspunktet ikkje har vore planlagt tilrettelegging for turgåarar.


Saka vart handsama på styremøte i Nærøyfjorden verneområdestyre 18. september, der det vart bestemt at oppfølging av saka i første runde vil vera å informera om vernereglane og be om at ulovleg merking vert fjerna.


 - Sannsynlegvis har dei som har merkt stien handla i god tru, seier styreleiar Noralv Distad, og styret vil gje dei ein sjanse til å retta opp att feilen.


Dette har i ettertid vist seg å vere riktig, då dei som har merkt stien har meldt seg, og tek no ansvar for å fjerna merkinga igjen så godt det let seg gjera. Samstundes understrekar Distad at dette er eit brot på lova, og at dersom det blir oppdaga ny ulovleg merking i området, vil det bli vurdert politimelding.


Mogleg å gje løyve

- Dei som ynskjer sti her må gjerne senda inn ein søknad, så vil me handsama den på vanleg måte. Det er mogleg å gje løyve så lenge det ikkje er i strid med verneføremålet. Problemet no er at me ikkje har fått nokon sjanse til å vurdera sårbarheiten til området og kor ein eventuell sti bør leggast for å ta omsyn til naturverdiane i verneområdet, seier Distad.


Ein føresetnad for å kunne merka sti er også at grunneigar har gitt løyve til merkinga og at det fins ein ansvarleg aktør som eig tiltaket og har ansvar for vedlikehald.


- Me håpar at denne saka kan vera ein vekker for fleire, seier verneområdeforvaltar Anbjørg Nornes. - Gode tiltak i verneområdet er velkomne, men det inneber at ein søkjer om løyve først.