DRØFTINGSMØTE: I komiteen for nytt fylkesordførarkjede er Marianne Ose Askvik, Knut Mykkeltvedt, Åse Bjørnestad Dale, Bjørn Hollevik, Ronny Skaar, Benthe Bondhus, Ingebjørg Erikstad og Åshild Kjelsnes. (Foto: Bjarte Brask Eriksen/ Hordaland fylkeskommune)

Korleis kjedet til fylkesordføraren skal sjå ut er framleis hemmeleg

I slutten av august blir det klart korleis fylkesordførarkjedet til Vestland fylkeskommune skal sjå ut.

Publisert 15.08.2019 kl. 20.30.

Denne veka samla komiteen seg om det aller meste- men dei held framleis korta tett til brystet. 


Dei vil ikkje enno røpa kva symbol og motiv som skal med i kjedet. I ein pressemelding frå Vestland fylkeskommune går det fram at komiteen likevel er samde om det overordna. 


- Me er kjempenøgde med det som er lagt fram. Skissene me har fått, er imponerande, seier komitemedlem Benthe Bondhus, fylkespolitikar frå Hordaland i pressemeldinga. 


Frå Vik og Aurland

Seks skisser til nytt fylkesordførarkjede er lagt fram for komiteen og denne veka blei medlemmene der samde om å be om ei ny skisse, basert på innspela i møtet. Ei slik skisse skal vera klar i løpet av 14 dagar. 


- Då skal me ha nytt møte og bli samde om korleis fylkesordførarkjedet skal sjå ut, seier Bondhus. 


Det er sølvsmed Knut Mykkeltvedt i Fjordsylv AS som skal laga fylkesordførarkjedet. 


- Me inviterte profesjonelle kunstnarar og sølvsmedar. Etter gjennomgang gav me oppdraget til Fjordsylv AS i Vik og grafisk formgjevar Åse Bjørnestad Dale i Aurland, seier utviklingssjef Ronny Skaar i Hordaland fylkeskommune. 


Historie utan ord

Dale tykkjer oppdraget har vore ærerikt. 


- Fylkesordførarkjedet er eit smykke som skal fortelja historiene utan ord, men med symbol. Det skal innehalda mange ting. Det skal vera stilreint, ha utsjånad, ha symbol, vera enkelt og kunne sjåast på avstand slik at me forstår kva det er, seier dale, som skal teikna ei endeleg skisse til neste møte om 14 dagar.


Ferdig til 15. oktober

Sølvsmed Knut Mykkeltvedt i Fjordsylv AS skal laga kjedet. 


- Det blir ein utfordrande jobb. Eg er alt i gang med å laga det som me veit skal vera med. Det er interessant å jobba med Åse. Me har tidlegare jobba saman om ordførarkjedet i Aurland, seier Mykkeltvedt. 


Han har frist til 15. oktober med å gjera kjedet ferdig. 


Då skal den første fylkesordføraren i Vestland ta på seg kjedet for alle første gong når det nye fylkestinget møter til høgtidleg seremoni i Håkonshallen i Bergen. 


Les meir om: Nyhende Fylkeskommunen