PROSJEKT: Testing av komposten er blitt utført av Njøs næringsutvikling., her ved f.v. Anete Busa og Monika Wojtovicz. (Foto: Liv Hatleli Gilpin)

Kompost aukar kvaliteten på epletre

Forsøk med kompost frå matrestar gav tydelege resultat.

Publisert 17.09.2019 kl. 12.34. Oppdatert kl. 14.20.

Njøs Næringsutvikling og avfallsverksemdene Sirkla Ressurs og Lindum AS har funne ut at Simas sin kompost frå matavfall hjelper epletrea å veksa, og hindrar sjukdom i epla.


- Resultata frå prosjektet var synlege både på sjølve epletrea, på røtene til epletrea og i analysane av jorda, seier Liv Hatleli Gilpin, prosjektleiar hjå Njøs, i ei pressemelding.


Næringsutvikling

Trea hadde vakse betre i jord med kompost. Det er og tydeleg visuell skilnad på mengde finrøter i jord med kompost og utan kompost. Finrøter er viktige for nærings- og vassopptak. Analysane av jorda synte òg at komposttilførsle gav ei positiv endring.


- Alle forsøk utført i prosjektet syner at tilførsle av kompost styrkar planteveksten, uavhengig av sjukdomstilstanden i jorda, seier Hatleli Gilpin.


- Me kan altså konkludera med at kompost frå avfallsressursar er eit viktig jordforbetringsmiddel.


Bidrag

Store delar av produksjonen frå landbasert jordbruk går årleg tapt grunna plantesjukdomar og skadar på avlingar.


- Å ta vare på jordlivet er viktig for god plantevekst og er avgjerande for å få høgproduktive frukthagar med gode avlingar. Resultata våre vil dermed vera eit viktig bidrag til mattryggleiken, seier Hatleli Gilpin.


Befolkningsvekst, klimaendringar, press på naturressursar og stigande råvareprisar dei siste åra har satt mattryggleik høgt på dagsorden - både i Noreg og internasjonalt.


Forskarmiljø

Forskinga er gjennomført av dei to avfallsbedriftene saman med nasjonale og internasjonale forskarmiljø med spisskompetanse innan kompostering, mikrobiologi og jordfruktbarheit.


Universitet i Oslo, Posznan Universitetet i Polen og Microbiotech Ltd i England deltek alle i den vitskaplege delen av prosjektet. Njøs næringsutvikling er prosjektleiar og utfører forsøk for å sjå om dei ulike komposttypane har sjukdomsundertrykkande eigenskapar.


Prosjektet er gjennomførd med støtte frå Regionale Forskingsfond Vest.