JURYVERV: Veronica Mike Solheim har motteke fleire prisar for sitt eige arbeid. No skal ho vere med å dele ut prisar til andre som markerer seg.

Kauping med fleire internasjonale juryverv

Publisert 18.02.2019 kl. 20.03.

Veronica Mike Solheim frå Kaupanger held fram med å markere seg som kreatør.


No har ho to internasjonale juryverv.


Ho sit i juryen for DNA Paris og European Design Awards. Dette er prisar som skal verte dela ut til aktørar som markerar seg innan design, som til dømes arkitektur, grafisk design og interiørdesign.


Unik innsikt

Mike Solheim starta opp og var redaktør for magasinet «A New Type of Imprint» for reklamebyrået ANTI. I 2018 vann magasinet prisen Best Design Media av A Design Award og Årets Design Tidsskrift av Tidsskriftforeningen.


I tillegg har Mike Solheim vorte nominert som ein av topp redaktørane i verda av Stack Awards og fekk i fjor tittelen Commended Art Director of the Year 2018.


No skal ho vere med å bestemme kven som får prisar i designverda.


- Det er så fett det! Veldig stolt over å vere ein del av ein så imopnerande jury og gledar meg til å sjå alle bidraga!, seier Mike Solheim.


Ho fortel at å vere jury gjev ei unik innsikt i korleis det står til med kreativt arbeid i dei ulike landa og ein lærer mykje om prossesar, arbeid og tankar.


 


Les meir om: Nyhende