STILLER OPP FOR DEMENSSAKA: Kaupangerdamene samlar i desse dagar inn pengar til lokale aktivitetar for personar med demens og forsking på sjukdommen.(Privat foto)

Kaupanger-damene sparkar i gang demensaksjonen

Spelarane vil gå med innsamlings-bøsser fram til 22. september.

Publisert 17.09.2019 kl. 13.52.

Kaupangerdamene var ikkje vanskelege å be då dei fekk spørsmål om å stilla opp og gå med bøsser for demensaksjonen, går det fram av ei melding frå Sogndal, Leikanger og Luster demensforening.


- Kjekt å bidra

Etter ei god treningsøkt møtte fotballdamene styremedlemmar frå Sogndal, Leikanger og Luster demensforening i klubbhuset på Kaupanger sist veke. Spelarane fekk informasjon om demens-sjukdom, om behovet for midlar til forsking og kor viktig det er med aktivitet og innhald i kvardagen for personar som har sjukdommen.


Over 20 spelarar møtte opp og fekk utdelt bøsser.


- Det er kjekt å kunne stilla opp og bidra til ei så viktig sak, seier spelarane.


Innsamla midlar vil gå til lokale aktivitetar for personar med demens og deira pårørande og til forsking i håp om ein gong å løysa demensgåta.


Avsluttar på heimebane

Søndag 22. september avsluttar kaupangerdamene demensaksjonen med heimekamp mot Byåsen.


Dei håpar på mykje folk og god stemning på tribunen. Dei som ikkje allereie har støtta aksjonen, har høve til å leggja i bøsser på kampen òg, vert det opplyst.


Sogndal, Leikanger og Luster demensforening er svært glad for å møta eit ivrig og positivt damelag.


- Me håpar alle tek vel i mot spelarane og puttar velvillig pengar i bøssene denne viktige veka for demenssaka, er oppmodinga frå Hilde Kristoffersen, i demensforeninga.


Siste saker Gå til framsida