BESTE LÆRLING: Joakim Skrede Skjeldestad sikra gull i NM i yrkesfag (Foto: privat)

Joakim gjekk til topps

Joakim Skjeldestad sikra beste plassering i yrkes- NM.

Publisert 25.10.2018 kl. 17.36. Oppdatert kl. 17.43.

Skjeldestad er 19 år, frå Sogndal og tømrarlærling hjå Byggsenteret Audun Hundere AS. 


- Etter to sølvmedaljar for Byggopp Sogn og Fjordane siste åra, er det fantastisk å klatra til topps på pallen for det største lærefaget i landet, seier Nils Arne Ødegård, opplæringsleiar i Byggopp.


Synleggjera yrkesfag

Byggsenteret Audun Hundere er medlemsbedrift i Byggopp Sogn og Fjordane.


Yrkes-NM er ein konkurranse som vert arrangert annakvart år og som har som mål å auka rekrutteringa og synleggjera yrkesfag i eit samfunnsperspektiv.  


Sjølve konkurransen gjekk over tre dagar går over tre dagar og totalt er det over 300 deltakarar frå rundt 30 yrkesfag i Yrkes-NM.


 


Les meir om: Nyhende Ung