Jeger henta med helikopter

Stod fast på fjellhylle.

Publisert 02.09.2018 kl. 14.00. Oppdatert kl. 15.07.

Vest politidistrikt melder søndag ettermiddag at ein mann sit fast på ei fjellhylle ved Tungestølen i Luster. 


- Me har fått melding om at det er ein uheldig jeger som har ikkje kjem seg opp eller ned, seier Cecilie Øversveen ved Hovedredningssentralen Sør- Norge.


Dei har sendt ut eit redningshelikopter frå Florø i håp om at det kan hjelpa mannen. Ved 14.50-tida opplyser Øversveen at helikopteret er kome fram til staden og det blir gjort vurderingar om korleis mannen kan hentast ned. 


- Det er bratt der og mannen er aleine, seier Øversveen. 


Like etter klokka 15 melder Vest politidistrikt at mannen er teken ombord i redningshelikopteret og er uskadd. 


 


Les meir om: Nyhende Luster Politi

Siste saker Gå til framsida