Isolerte har fått mat levert med helikopter

Ni personar får ikkje flytta heim. Isolerte har fått floge inn mat med helikopter.

Publisert 15.10.2018 kl. 17.25. Oppdatert kl. 21.15.

Vest politidistrikt melder måndag ettermiddag at åtte personar i Fortunsdalen og ein person i Mørkridsdalen ikkje kan flytta heim. 


Det vert teke nye vurderingar om evakuering av desse personane i morgon. Alle som kan flytta heim har fått beskjed om det, opplyser politiet. 


Totalt er 24 personar i Fortunsdalen isolerte grunna øydelagde eller stengde vegar. 

KYSTVAKTA: Dette skipet er på plass i Lustrafjorden måndag ettermiddag. (Foto: Wenche Schanke Eikum)

Ferdsleforbod

For å sikra personar mot farar knytt til flaum har politiet i dag nedlagt ferdsleforbod i eit nærare definert område. 


I Sogn gjeld dette fylkesveg 333 på strekninga Skjolden-Mørkridsdalen og fylkesveg 331 på strekninga Skjolden- Urnes ved Sørheim. Ferdsleforbodet gjeld frå måndag 15. oktober og til området er erklært sikkert av Luster kommune. 


Fylkesveg 55 Sognefjellet er måndag ettermiddag ope for trafikk. 


Sjå oppdaterte trafikkmeldingar frå Statens vegvesen.

STOR SKADE: Slik såg det ut i Mørkridsdalen etter flaumen. (Foto: Tage S. Moen)

Forsyningar med helikopter

Måndag ettermiddag fekk isolerte i Fortun mat sendt med helikopter. Ordførar Ivar Kvalen har vore ute i felten der flaumen har råka heile måndag. Han seier kommunen framover er oppteken av å vera med og hjelpa til med opprydding.


- Det vert også eit informasjonsmøte der dei som vil kan få meir informasjon om det som skal skje framover, seier Kvalen.


Siste saker Gå til framsida