MUSIKK: Frå framsyninga Melting med Amund Sjølie Sveen, Anne Hytta og Kathrine Schiøtt. (Foto: Thor Brødreskift)

Is som smeltar og plastforureining i Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken er i år pakka med fleire produksjonar som set klima- og miljøproblema under debatt.

Publisert 11.08.2019 kl. 14.00.

- Skulesekken vert kvart år fylt med musikk, teater, litteratur og kunst for å nemna noko. Tematisk er det stor spennvidde i innhaldet, og i år tek fleire av tilboda føre seg tema knytt til klima. Formidling gjennom kultur ser me ofte skaper engasjement rundt ein bodskap, og Den kulturelle skulesekken når fram til alle barn og unge i fylket, seier Øyvind Sunde Høstaker, rådgjevar i Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane.


Programmet frå Den kulturelle skulesekken (DKS) for komande skuleår inneheld i alt 22 produksjonar for skuleelevar på alle nivå, frå 1. klasse til og med vidaregåande.


Når isen smeltar

Kva skjer når økonomien, samfunnet, velferdsstaten, fellesskapet, offentleg kunstfinansiering og framtidsutsiktene våre smeltar? Dette er spørsmål som blir stilt i den unike framsyninga Melting, som kombinerer føredrag, konsert og teater. Melting skal synast fram for vidaregåande skuleelevar i heile fylket som del av Den kulturelle skulesekken.


Framsyninga er også sentral på ein fagdag om klima for elevar og lærarar i vidaregåande skule 11. september. Fagdagen vert arrangert på Skei i Jølster og er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Firda vidaregåande skule og Den kulturelle skulesekken.


Plastforureining

Produksjonen Verken fugl eller fisk tek opp temaet plastforureining i havet gjennom ein to timars kunstverkstad for elevar på mellomtrinnet.


Saman med miljøkunstnarane Kari Prestgaard og Astor Andersen får elevane laga bilete av plastbitar som er samla inn frå strender over heile verda. I samtale med elevane prøver også kunstnarane å finna ut kva som gjer at noko kan kallast søppel.


Elevane sine arbeid vert fotograferte, slik at dei enkelt kan skrivast ut eller delast i sosiale medium. Eit utval av bileta frå den nasjonale turneen skal stillast ut på Stortinget i samband med Nordisk råds 70. sesjon i månadsskiftet oktober/november.


Dagsturhyttene

Sakprosaforfattar Anders Totland vil møta ungdomsskuleelevar på nokre av dei nye dagsturhyttene i fylket. Med utgangspunkt i dyrevelferd, matproduksjon og overforbruk inviterer Totland elevane til å diskutera kva som er i ferd med å skje med jordkloden og naturen rundt oss.


Forfattarmøta vil finne stad på dagsturhyttene i Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal og Årdal.


Les meir om: Nyhende