BEST: Guus Morel og Laurien Geerse frå Feios vart heidra for ein litt uvanleg iskrem. (Arkivfoto)

Is med brunost kåra til beste produkt

Pris til isprodusentane i Feios.

Publisert 03.09.2018 kl. 08.05.

Fløyteisen med brunost frå Almgard iskrem i Feios vart kåra til årets beste produktet på Bergen Matfestival i helga.


Juryen la mellom anna vekt på at vinnarproduktet skulle vera eit nyskapande og attraktivt produkt og gje ei unik smaksoppleving.


Almgard iskrem vert laga av Guus Morel og Laurien Geerse i Feios. Då Sogn Avis vitja isfabrikken i sommar, fortalde dei at brunost-isen vart til fordi dei fekk spørsmål om dei kunne laga det.


- Dei mest populære isane er bringebær sorbé og vanilje fløyteis, fortalde Laurien då.


Bergen Matfestival vart arrangert på Koengen/Bergenhus Festning fra 31. august til 2. september. I tre dagar har lokalmatprodusenter og kokkar jobba sammen for å gje folk dei beste smaksopplevingane frå Vestlandet.


Gjekk du glipp av denne: No blir det meir Feios-is


Les meir om: Nyhende Landbruk Vik