KLIMAENDRINGAR?: Organisasjonen Protect Our Winters har klima som tema for førvalsprat torsdag. Fotoet er frå Dagmar sine herjingar i Vik. (Arkivfoto)

Inviterer til valprat om klima

Organisasjonen Protect Our Winters Norge arrangerer førvalsprat om lokal klimapolitikk.

Publisert 04.09.2019 kl. 19.34.

Arrangementet finn stad på Dampskipskaien i Sogndal torsdag. 


- Måndag 9. september er det kommune- og fylkestingsval. Dette er eitt av dei viktigaste vala i Sogndal si historie, med nye Sogndal kommune og nye Vestland fylke. Å vera med å forma den nye kommunen si framtid i lokalpolitikken vil vera sentralt i storkommunens arbeid med å nå klimamåla Noreg har sett seg, skriv arrangøren. 


Informativ kveld

Dei viser til at dei neste fire åra er avgjerande.


- Gjennom Parisavtalen har me forplikta oss til å redusera norske klimautslepp med 40 prosent, og mykje arbeid må gjerast dei kommande åra. Dette krev politikarar som tek oppgåva på alvor, driv progressiv klimapolitikk og som ikkje er redde for å ta radikale beslutningar, skriv arrangøren.


Dei melder at dei ynskjer å invitera til ein hyggeleg og informativ kveld der ein kan snakka og læra om lokal klimapolitikk før du går til valurna.


 


Les meir om: Nyhende Sogndal Klima