Innbrotssikta fengsla i fire veker

Mannen som er sikta for å stå bak 16 innbrot på Vestlandet er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod

Publisert 15.03.2019 kl. 08.24.

Det melder Nrk.


I Sogn og Fjordane tingrett nekta mannen straffskuld, men godtok fengslinga.


Politiet meiner dei har elektroniske spor som syner at mannen har vore i nærleiken av innbrota.


Les meir om: Nyhende