VIL HA MED FLEIRE: Leif Inge Husabø (t.v.) og Roar Werner Vangsnes er klar til ny korsesong med Leikanger Mannskor. (Foto: Privat)

I vinter møtte Leif Inge (31) opp til øving med mannskoret. Det har han ikkje angra på

Leikanger Mannskor er klart for ein ny sesong og nye songarar.

Publisert 04.09.2019 kl. 10.43. Oppdatert kl. 12.14.

I vinter dukka Leif Inge Husabø opp på øvingane til Leikanger Mannskor.


- Det var ein flott inngang til det musikalske livet i bygda, seier han.


Ekstra kjekt var det å få vera med på Palmerevyen både bak og på scena, fortel han.


- Eg vil oppmoda fleire nye yngre karar til å ta utfordringa å vera med i mannskoret.


Aktiv vår

Mannskoret i Leikanger har kvilt ut etter ein aktiv vår med palmerevy nummer 60 på rad, og sesongavslutning med songarstemne på Kaupanger. 11. september startar dei opp att, og gler seg til ein ny sesong med gamle og nye medlemmer, skriv koret i ei pressemelding.


- Det er godt å få med nokre yngre i koret, seier nestformann i koret Roar Werner Vangsnes.


- Det er ikkje berre å vera «ungdomskontakt» i koret når ein har bikka midten av 50-åra, legg han til.


Felleskonsert

I haust vil mannskoret gjenta suksessen med felleskonsert saman med damekoret i bygda og «syng med oss-kveld» i Villmarka.


- No har me to månader å øva fram til songkvelden 16. november, seier dei to korsongarane.


Leikanger Mannskor har også fått invitasjon til å spela gravøls-revy for det gamle fylkestinget.


- Det gledar me oss til, og det er alltid mykje godt revystoff når me leikar oss med politikarane.


Opne dører

Vangsnes og Husabø fortel at dei er opptekne av å få med seg songarbrør frå heile regionen.


- Det er låg terskel for å møta opp, og du blir møtt med applaus - og du ung eller gamal. No blir det godt få i gang att songstemmene, seier dei.


Siste saker Gå til framsida