FLEST PÅMELDINGAR FRÅ VESTLAND: Tal frå landbruksdirektoratet viser at over 100 er interesserte i kvotesal. Det er høgst av alle produksjonsregionar. Færrast kvoteseljarar finn ein i Rogaland, Trøndelag, Hedmark og Oppland. (Arkivfoto)

I Vestland vil over 100 selja mjølkekvotar

- Påmeldinga utgjer ein oppkjøpsmengde på vel 40 millionar liter, så interessa er svært stor.

Publisert 12.01.2020 kl. 17.46.

Det seier seksjonssjef Olav Sandlund i Landbruksdirektoratet i samband med den ekstraordinære oppkjøpsordninga av mjølkekvotar som vart sett i gang 2. januar. 


Før helga hadde Landbruksdepartementet registrert 475 påmeldingar. 105 av desse var frå produsentar i Vestland. 


Oppkjøpsordninga er eit resultat av at Noreg må avvikla eksportsubsidiane innan 2021. 


Staten og Noregs Bondelag vart i oktober i fjor samde om å gjennomføra ei oppkjøpsordning med sikte på å kjøpa ut 40 millionar liter mjølkekvote. 


Kvoteeigarane melder først si interesse og deretter sender dei sjølve søknaden om sal av grunnkvote innan 31. mars. Påmeldingane skjer etter førstemann til mølla- prinsippet. 


7,1 millionar

Det skal altså kuttast 40 millionar liter og så langt er det innmeldt interesse for å kutta nær 43 millionar liter. 


Dei 105 påmeldingane frå Vestland utgjer vel 7,1 millionar liter medan avsett oppkjøpsmengde i denne regionen er nær 4,9 millionar liter. Differansen er dermed på over 2,2 millionar liter. 


- Oversikta viser at det enno er ein del å gå på når det gjeld mengde i Rogaland, Trøndelag, Hedmark og Oppland, seier Sandlund i oppsummeringa frå departementet. 


- Så her er det moglegheiter for dei som vurderer sal, men enno ikkje har bestemt seg. 


 


Tilbod om sal 17. januar

Han seier det er verd å merka seg at påmeldingane ikkje er bindande, så biletet kan sendra seg. 


- Det er difor ingen grunn til å la vera å melda seg på, seier han. 


Framover går ddirektoratet gjenom alle påmeldingane. 


- Rundt 17. januar vil dei som er innanfor avsett oppkjøpsmengde i sin region får tilbod om å senda inn søknad om sal. Dei andre vil få beskjed om at dei står på venteliste, seier Sandlund. 


Les meir om: Nyhende Landbruk