I STUDIO: I fjor sykla Paola Holane frå Kaupanger i Klart eg kan, i år er det ho som har forteljarstemma. (Foto: Nrk Sogn og Fjordane)

I fjor såg du Paola på TV - i år høyrer du ho

Åtte år gamle Paola Holane frå Kaupanger har i år fått forteljarstemma i Klart eg kan.

Publisert 16.10.2018 kl. 10.29.

- Ho var med i Klart eg kan i fjor og har i år gjort ein super jobb med å leggja på forteljarstemme på 6 av 8 episodar, fortel Stine Kyrkjebø Johansen i NRK Sogn og Fjordane.


Paola skulle i fjor læra seg å sykla i skogen, og i år er det åtte andre tøffe born som skal gjera tøffe ting.

TØFFE BORN: Denne gjengen med tøffe ungar møter du denne hausten i Klart eg kan. (Foto: Nrk Sogn og Fjordane)

Premiere

Premieren på serien var allereie 9. oktober, og utover hausten vil du få sjå ungar som er med på sprenging av fjell, viltre kalvar og første flytur utan mamma i den åttande sesongen av NRK Super-serien.


- Målet er å få born til å tru på seg sjølv, og at dei kan klare mykje.


Meistringsglede

Klart eg kan er ein dokumentarserie fylt av meistringsglede og draumar som går i oppfylling. Sjølv om det er stor variasjon i kva utfordringar borna møter, er det også mykje som er likt. Serien viser ekte ungar i ein ekte og spanande kvardag der meistring er den raude tråden.


I kvardagen vert born stadig utfordra og må gjere ting dei aldri har prøvd før. Nokon har klare mål dei vil nå, andre må meistre ting dei helst vil sleppe, som til dømes å opereraein broten arm.


Vil inspirere

Det er laga nær 100 episodar og serien har gode sjåartal i NRK Super sin nettspelar.


Prosjektleiar i NRK Sogn og Fjordane Kjellrun Lavik trur ein av grunnane til serien har kunne leve så lenge, er at mange born kan kjenna seg att i det som skjer i dei ulike episodane. Serien inspirerer også sjåarane til å prøva å nå sine mål og draumar.


Klart eg kan er også viktig for mangfaldet i NRK Super. Her får ein sjå born sin kvardag utanfor dei store byane og borna snakkar nynorsknære dialektar.


Les meir om: Nyhende Sogndal Ung