Hydro ramma av cyberangrep - har no funne årsaka til problema

Hydro melder onsdag at dei har lukkast dei å finna årsaka til problema dei har hatt etter cyberangrepet tysdag.

Publisert 20.03.2019 kl. 11.20.

Det tekniske teamet til Hydro har, med ekstern hjelp, lukkast med å oppdaga årska til problema og jobbar no med å sikra at IT-systema til selskapet kan startast på ein trygg og forsvarleg måte. Men det er framleis ikkje klart kor lang tid det vil ta å gjenoppretta stabil IT-drift, går det fram av ei børsmelding frå selskapet.


Hydro vart tysdag utsett for eit omfattande cyberangrep. Etter å ha oppdaga problemet, isolerte Hydro alle verk og operasjonar og sette i verk meir manuelle prosessar og prosedyrar, mellom anna i Årdal og i Høyanger. Hovudprioriteten er framleis å sikra sikker drift og avgrensa driftsmessige og finansielle konsekevensar, vert det opplyst.


- Eg er glad for å sjå at me gjer framgang, og eg er imponert over korleis kollegar over heile verda jobbar døgnet rundt for å løysa denne krevande situasjonen og sikra trygg og forsvarleg drift, seier Hydros finansdirektør Eivind Kallevik.


Drifta går onsdag stort sett som normalt, men med noko meir manuell drift enn normalt, vert det opplyst frå selskapet.


Les meir om: Nyhende Høyanger Årdal