Prosjektgruppa rekruttering: Leon Bakkebø, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, Gro Rukan, tidlegare leiar i Framtidsfylket (no erstatta av Linda Hovland), Christiane Ulriksen, marknadssjef i Enivest og Øyvind Østrem, prosjektleiar RekrutterING/studiekoordinator Høgskulen på Vestlandet.

Håpte på 60- fekk 400 stillingar

Næringslivet i Sogn og Fjordane gjekk saman om å lysa ut sommarjobbar. Det gav knallresultat.

Publisert 13.03.2018 kl. 16.07.

- Me hadde eit mål om å kunne lyse ut 60 sommarjobbar. Dei siste månadene har ein kunne søkt på over 400 stillingar innan helse, ingeniørfag, IT, juss og ei rekkje andre fagområde i Sogn og Fjordane, fortel Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.


Vinn-vinn

Sommarjobbprosjektet RekrutterING handlar om å tilby studentar relevante sommarjobbar og samstundes sikra næringslivet i fylket langsiktig rekruttering. Prosjektet er initiert av Høgskulen på Vestlandet, og bak samarbeidet står ei rekkje bedrifter i fylket, IT-forum, Sogn og Fjordane Næringsråd og Framtidsfylket.


- Mange ferdigutdanna studentar manglar relevante referansar og arbeidserfaring når dei skal søkja jobb. Samstundes er det utfordrande for næringslivet å få tak i riktig kompetanse, seier Leon Bakkebø, leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd i ei pressemelding.


Både Nav og NHO har dei siste vekene peikt på at mangel på arbeidskraft vil bli ei stor utfordring for fylket i åra som kjem. Bakkebø understrekar at det er viktig å vinna kampen om dei beste hovuda, sikra tilflytting til fylket, samstundes som ein gjerne held på eigen ungdom.


- Sommarjobbar sikrar studentane våre nyttig arbeidserfaring og viktige nettverk, og det er ein ypparleg måte for næringslivet å knyta relasjonar med tilsette dei vil trenga i framtida. Ein klar vinn-vinn-situasjon, seier Bakkebø.


God respons

Enivest er ei av bedriftene som har delteke i prosjektet, og har sju ledige sommarjobbar i år. Dei har merka god respons på sine stillingar


- Me har teke imot fleire søknader enn tidlegare år, så eg er ikkje i tvil at ei felles satsing på relevante sommarjobbar er vegen å gå. Eg har store forventningar til korleis satsinga vil utvikla seg neste år, når prosjektet vert betre kjent blant studentane, fortel Christiane Ulriksen, marknadssjef i Enivest.


Ulriksen fortel at Enivest har fleire tilsette, der sommarjobben har vore inngangen til ei fast stilling.


- Mange studentar er flinke å jobba, men det er altfor få som sikrar seg erfaring innan sitt fagfelt medan dei studerer. Som arbeidsgjevar er det fint å sjå ein raud tråd i utdanning og arbeidserfaring. Mi erfaring er at studentar med relevant jobberfaring får tidlegare fast jobb, fordi dei raskare kan levera resultat, seier Ulriksen.


Sommarjobbane har blitt lyst ut via Framtidsfylket sin portal, og samtlege studentar på Høgskulen på Vestlandet har fått personleg e-post om sommarjobbfylket Sogn og Fjordane.


Les meir om: Nyhende Næringsliv