SIGNERTE: Fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane og fylkesvaraordførar Pål Kårbø i Hordaland signerte intensjonsplanen for fylkessamanslåinga. Den gong var stemninga god. Det er den ikkje no. (Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Hordaland varslar hemn mot Sogn og Fjordane

Tysdag vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane å overføra aksjane i Sogn og Fjordane energi til kommunane. Det fell ikkje i god jord hjå politikarane i Hordaland.

Publisert 05.12.2018 kl. 17.02.

- Når Sogn og Fjordane har vald å tøya strikken sin så langt, så må dei ikkje bli overraska over om det kjem ein motreaksjon, seier Pål Kårbø (KrF), fylkesvaraordførar i Hordaland, til BT.


Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane har vedteke å gje SFE-aksjane til kommunar i fylket


Det er snakk om milliardverdiar som Sogn og Fjordane no vil sikra at blir verande i fylket før samanslåinga med Hordaland.


- Det er klart at når det kjem nye diskusjonar mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, så vil det som skjedde bli hugsa, seier Kårbø til BT.


I om lag eitt år har Sogn og Fjordane og Hordaland, som frå 2020 er nye Vestland fylke, krangla om kva som skal skje med milliardverdiane i Sogn og Fjordane Energi. 


Les meir om: Nyhende Fylkeskommunen

Siste saker Gå til framsida