Hjort påkøyrd ved Florø

Publisert 04.09.2019 kl. 06.41.

I 06.30-tida onsdag kom det melding om at ein hjort var påkøyrd på riksveg 614 mellom Florø og Svelgen.


- Hjorten ligg anten død eller skadd, og det er materielle skadar på bilen, opplyser operasjonsleiar Tatiana Knappen hjå politiet.


Ho kan opplysa at sesongen for hjortepåkøyrsler ser ut til å vera i gang.


- No er det diverre i gang, og me får melding om ein del hjortepåkøyrsler, seier ho.


Les meir om: Nyhende Notis Politi Trafikk