VEKKE: Berre stativet står att.

Hjartestartaren er sporlaust vekke

Publisert 10.07.2019 kl. 12.51. Oppdatert kl. 15.04.

Det er Bjarte Ramstad som i ei oppdatering på facebook fortel at hjartestartaren på Kaupanger Idrettspark er borte vekk. Er det nokon som har måtta brukt den, er det nokon som har fjerna den på annan måte eller er det nokon som har gått over streken?


Denne reddar ikkje liv lengre diverre... Del gjerne slik at me kan finne ut kva som er skjedd. Tips? Post@kaupanger.no eller til underteikna, skriv han. 


Les meir om: Nyhende Sogndal