Highasakite til Malakoff

«Nye Highasakite» besøkjer festivalen Malakoff på Nordfjordeid til sommaren.

Publisert 11.02.2019 kl. 14.16.

Etter ein turbulent periode er «nye Highasakite» tilbake med eit brak, skriv arrangørane i ei pressemelding.


- Konserten Highasakite hadde i amfiet i 2014 står fram som ein av dei aller sterkaste opplevingane me har hatt på dei 17 åra me har arrangert Malakoff. No kjem attende som eit revitalisert band med ei fantastisk fin ny plate og mange strålande gamle hits i sekken, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.


I tillegg får festivalen på Nordfjordeid 18.-20. juli besøk av Myrkur og punk-rockarane i The Dogs.


Malakoff har til no slept 11 av 28 artistar til årets festival. Før tidlegare er det kjent at mellom andre Weezer, Bastille og Sigrid kjem til festivalen.


Les meir om: Nyhende Festival Musikk Notis